Embla sommaren 2017

Frå Bjørkedalen til Igalo i Montenegro

 


"Mitt skip er lasta med" Mange har " tatt eit åretak for fred" på Bjørkedalsvatnet i sommar. Ikkje berre Emblakvinnene, men og vonelege, nye Emblamedlemer. Alle velkomne til å vere med i Stiftinga Embla kvinneskipet ro for fred. Kontakt styreleiar Brit Aanning Aarseth, mb. 99155472, britaa22@gmail.com, så får du høyre meir om Embla. Vi har halde på i snart 25 år, og vi må aldri stoppe arbeidet for fred. Vi har i høgste grad vekt oppsikt for fred, med eit heilt, stort vikingskip; 10.5 m langt, 2,5 m breitt; 12 årar, 12 skjold, flott drakehovud i framstamnen, mast og segl. Eit tidlegare vikingkrigsskip, no eit kvinnefredsskip.                            "Einaste kvinnefredsskipet i verda"  Vi treng ikkje tale store ord, handlinga ligg i fredsskipet. Og vi har reist land og strand med skip og mannskap i løpet av desse åra; Coverrubias i Spania, Madrid, til Catoira i Spania, Eu  og Paris i Frankrike, St'Lõ i Frankrike, Santa Marinella og Roma i Italia, Bene og Riga i Latvia, Arvika og Sãffle i Sverige, Åbo i Finland, San Francisco. Delteke på mange arrangement innanlands; til Selje fleire gongar, Måløy, Fjaler, Horningdal, Volda, Herøy, Eid, Hareid, Kalvåg, Bodø, Oslo, Eidsvoll.

Og i år, der det heile starta, og som skapte ideen om eit fredsskip, til; Igalo i Montenegro. Krigen i tidlegare Jugoslavia i 1991 utløyste frykt, redsle, raseri. Ikkje enda ein gong! ikkje ein 3. verdskrig! no må det vere slutt på dumskapen. og slik vart ideen om fredsskipet Embla skapt. Og som ei symbolsk handling, så senka Hildur fredsankeret under brua Mostar,, brua som vart øydelagt i bomberegnet i 1993, og som vart oppattbygd i 2007. Freden sigra!

Vi reiste 10 Embladamer til Igalo i mai 2017, fekk sjå og høyre historia. Reiste gjennom eit oppdelt land: Bosnia-Herztegonia, Kroatia, Montenegro, eit tidlegar Jugoslavia. No rår det fred i desse landa, men freden er skjør, den trengs påminning til ei kvar tid. "Alle må vi ta eit åretak for fred"