Herøydamane stiller opp på Fosnavåg slipp saman med resten av Emblagjengen. Mykje arbeid med nedluting av skuta. 25 år har sett sine spor, men no vert ho som ny. Stor takk til Fosnavåg Kystlag som let oss få bruke slippen og området, ikkje minst å sleppe oss innanhus for diverse aktivitetar m.a. loppemarked som gjekk av stabelen i dei mest regnfulle dagar i manns minne. Det vart mest sal oss i mellom, og Anne-Lise (sjåføren)  fekk nok å gjere med vaffelsteiking. Mimrebilde: Emblaskipet nytt i 1994. Deltaking i Åbo: Nordisk Kvinneforum i 1994.. Utsendingar for Barne-og Fam.Dep.