"Alle må vi ta eit åretak for fred"

Embla- eit viktig fredssymbol

Kven hadde trudd at det i 2023/24 skulle bryte ut krig i eit såkalla sivilisert samfunn. Først med Putin sitt angrep på Ukraina, så krig i Midtausten. Kvinnefredsskipet Embla er viktigare enn nokon gong før. Og vi må aldri gi opp håpet, misser vi håpet har vi misst alt. Gjennom 30 år har Embla rodd på elvar, sjøar og hav i innland og utland. Vi har lagt att eit fredsanker  på stader vi har besøkt, eit fredssymbol som syner at Embla har vore der. Og slik skal vi halde fram, nye og yngre krefter må ta tak om årer og skjold og føre fredsarven vidare. "Alle må vi ta eit åretak for fred"

Bilete syner kva teksta seier, her frå Eu i Framkrike i 1997

 
 
 
Embla til Rikssamlingsjubileet juni 2022

Fredsskipet Embla til Hafrsfjord


Emblaskipet er invitert saman med 10 andre vikingskip, og skipa vil få ein sentral plass i sjølve arrangementet rundt Rikssamlingsjubileet. Embla vil få ei spesiell rolle som kvinnefredsskip, og ulike seremoniar med fokus på fred vil bli gjennomført. Som t.d. vil vi framføre ein fredsseremoni med påfølgende fredsappellar og fakkeltog. Anchor of Peace er ein annan måte å synleggjere freden på. Vi vil ro lange stykker i konvoi med andre skip, vere til stades der det skjer. Vi vil bli kjent i vikinglandsbyen på Avldsnes, ha spesiell fokus på kvinna i norrøn tid, kva rolle hadde ho? Vi vil ha arrangemnet for barn og unge og dei eldre vil bli invitert ombord i skipet vårt. På medlems-og julemøtet 26. nov var 15 Emblakvinner samla på Alpehytta, Standaleidet i Ørsta. Arrangementet rundt Rikssamlingsjubileet vart diskutert, og alle såg fram til å delta. Vi ønskte kvarandre god jul og eit godt, nytt Emblaår med masse spanande saker i 2022 kalendaren.

OG KANSKJE KOMMER KONGEN



 

Embla sin fredssong

Embla sin fredssong

Fred for folk i alle land
må gå hand i hand
- alle må vi ta eit tak
for då kjeme vi i hamn.

Ref.
For Embla den vakre skuta vår
gjev oss fred der ferda går.

Eg og du og alle vi
får skuta på gli,
tek eit tak i ro og mak,
vi har ikkje dårleg tid.

Ref.
For Embla den vakre skulta vår
gjev oss fred der ferda går.

Embla-namnet

er henta frå norrøn mytologi og tyder "den første kvinne". Den islandske sagaen "Snorre" fortel at Odin, Vilje og Ve var Bror sine søner.  Ein dag gjekk dei langs standa.  Der fann dei to trestokkar, og av desse skapte gudane menneske.  Odin gav vilje og ande, Vilje gav vit og Ve gav utsjånad, taleevne, høyrsel og syn.  Mannen kalla dei Ask og kvinne Embla.  Få dei ættar menneska i den gamle gudetrua.

EMBLA-PLAKATEN

teikna av kunstnaren Sylvi Aambø Tomasgaard Kvinna i båten er moder jord. Hatten er fredsskipet med kvinnene ombord. Fuglane er symbol på at vi skal nå langt med bodskapen vår. Den eine fuglen står på jordkloden og vernar om den. Barnet ligg i båten på veg inn i framtida. Fuglen i handa er symbol på håpet vårt!

DELMÅL

  1. Fremje fredsbodskapen gjennom kultur, kreativitet og skapande aktivitetar, fysisk og åndeleg, individuelt og kollektivt, lokalt og globalt.
  2. Knoppskyting. Påvirke kvinner i andre regionar/land til å adoptere vår fredsbodskap, og føre den vidare i sine land på sin måte.
  3. Bevisstgjere på at kvinner sitt syn på krig og konflikter gjev mindre kriminalitet og vald.

Vår visjon

EMBLA-prosjektet vil følgje opp dei sterke tradisjonane som Norge har med å arbeide aktivt for fred og internasjonal forståing. Hovedmål Fremje fredsbodskapen i eit kvinneskip, der vi gjer vikingskipet, før ofte sett på som eit krigssymbol, om til eit fredssymbol. SNU KRIG TIL FRED.

  • Vi arbeider for fred på vår måte.
  • Vikingskipet, som ofte blir sett på som eit krigssymbol, vil vi gjere om til eit fredssymbol!
  • Embla er verdas einaste KVINNEFREDSSKIP
  • Skipet skal vere eit ”Speakers Cornes” for fred.

Stiftinga Embla

Stiftinga Embla var eit faktum. Det var krigen som braut ut i tidlegare Jugoslavia i 1992 som sette tankane i sving om å gjere noko. Og noko vart gjort: "Vi bygg eit vikingskip, som skal bli eit fredsskip" "Vi snur krig til fred", vart slagordet vårt Båtbyggjar Jakob Helset hadde tru på prosjektet og sette i gang bygginga.