Skrift i stein

Tekst i runestein

Denne runesteinen var sett opp i Sømmevågen i Sola kommune i området rundt flymuseet.  Det vart lyst ut konkurranse om beste inskriptsjon som skulle stå på steinen. På runesteinen vart  denne teksta hoggen inn:

"Trå varsomt, husk de som var,  var de som er, og vi som er, blir de som var. Og allting rundt oss er på lån,  for de som kommer etter."

Embla 25 år 2019

Kvinnefredsskipet Embla 25 år 1994-2019

25 år har gått, skip og mannskap har fått ein fin patina i utsjånad, men også i våre sinn. Ideen om å bruke eit vikingskip i fredens teneste har satt spor etter seg i inn-og utland. Og kanskje er vi enno ikkje klar over kor genial denne ideen er. Dette er det vi må gå djupare inn i , finne kjerna i vidare bruk av skipet. Eit fredssenter med eit Emblas hus må vi ikkje leggje frå oss. Det har kome så nære no når vår gudmor Astrid slit med sjukdom, men likevel gav så klare tankar i sin tale ved nedlegginga av "Anchor of Peace" ved Eidsfjorden 11. mai 2019, at dette måtte vi gå vidare med.

Spreie bodskapen

1000 år etter vikingtoktene var Embla-kvinnene klare til å reise ut i verda med fredsskipet Embla, for å spreie bodskapen om fred og internasjonal forståing.

Vi ville nytte kulturen som reiskap, og skape haldningar for fred og samhald.

Emblaskipet var vårt samlingspunkt og ”Speakers corner”.

Stiftinga Embla

Stiftinga Embla var eit faktum. Det var krigen som braut ut i tidlegare Jugoslavia i 1992 som sette tankane i sving om å gjere noko. Og noko vart gjort: "Vi bygg eit vikingskip, som skal bli eit fredsskip" "Vi snur krig til fred", vart slagordet vårt Båtbyggjar Jakob Helset hadde tru på prosjektet og sette i gang bygginga.