VEDTEKTER FOR ”STIFTINGA EMBLA – KVINNESKIPET RO FOR FRED"

(reviderte vedtekter samrøysets vedteke på årssamlinga pr. 08.04.2013)

§1. Stiftinga Embla-kvinneskipet ro for fred har forretningsadresse 6100 Volda.
Basen for skipet er i Bjørkedalen.
§2. Føremål:
Stiftinga sitt føremål er å fremje fred og internasjonale forståing gjennom lokalt, regionalt og internasjonalt kultursamarbeid. Fredskipet EMBLA skal vere drivkrafta i prosjektet, der kvinner generelt, og frå Volda, Herøy og Eid spesielt, i fellesskap skal nytte kulturen som reiskap i arbeidet for fred og internasjonal forståing mellom folk i ulike land og regionar.
§3. Arbeidsgrupper:
Kvinnene organiserer seg i arbeidsgrupper, ei for kvar av kommunane
(Embla/Volda, Embla/Herøy og Embla/Eid). Styret skal til ei kvar tid ha oppdatert namneliste over kvinnene som er med i stiftinga.
§4. Grunnkapital (stiftingskapital):
Skipet ”Embla” til ein verdi av kr. 225 000 utgjer grunnkapitalen i stiftinga.
§5. Stiftingskapital (driftskapital):
Driftskapitalen kan nyttast til drift og investering av utstyr i samsvar med stiftinga sitt føremål.
§6. Styret:
Styret skal ha 6 representantar med vara. Arbeidsgruppene nemner opp 2 kvinner kvar, med vara til styret. Styret konstituerer seg sjølv. Ved stemmelikskap har leiar dobbelrøyst.
§7. Drift:
Styret er det øvste organ i stiftinga. Styret har ansvar for å leie arbeidet med stiftinga i samsvar med føremålet. Styret vel rekneskapsførar. Stiftinga sin rekneskap skal reviderast av kommunerevisjonen.
§8. Årssamling:
Det skal innan 15. april kvart år kallast inn til årssamling. På denne samlinga skal styret leggje fram: Årsmelding, revidert rekneskap, aktivitetsplan og budsjett. Til årssamlinga skal arbeidsgruppene ha klart sine 2 representantar med vara til neste års styre.
§9. Vedtektsendringar og opphøyr:
Dersom det viser seg at stiftinga ikkje er teneleg for dei føremål ho er oppretta for, jfr. §2, kan styret med 2/3 fleirtal vedta endringar i vedtektene eller event. vedta oppløysing av stiftinga. Mogelege aktiva skal då gå til kvinneretta tiltak med liknande formål i Volda, Eid og Herøy.