Kulturutveksling med Polen

Polske kvinner på besøk 29. juni til 3. juli 2023

I september 2022 fekk stiftinga Embla kvinneskipet ro for fred ein e-post frå ei gruppe kvinner i Polen som ønskte kontakt med oss.Dei fortalde at dei rodde historiske båtar i Gdynia og Gedansk området i Polen. Dei eigde ikkje eigen båt. Og vi i Embla fatta interesse for denne spanande gruppa. Og spanande vart det då dei ankom Ålesund flyplass, Vigra i flotte vikingdrakter. Brit og dotter Margrethe stod klar i mottakshallen. Ein svipptur innom Ålesund før stopp på Vartdal i heimen til Brit. Nabo Margrethe Gjerde varta opp med svele og husbond Aage hadde kokt kaffi. Ei lita kjekke stund, før ankomst Volda. Her fekk dei polske damene omvisning ved Audun Stikbakke ombord i møringsbåten "Skjerven" som låg i Volda hamn. Så kort sightseeing i Volda før smørbrød og kaffi på Volda turisthotell. Og endeleg kom vi til Hjalmarolsen hytta på Nørestranda på Bjørkedalen der Ragnhild og Elsa venta med ei nydeleg hjortegryte.Neste dag fekk dei kome innom båtskottet til Jakob Helset, der Embla vart bygt for snart 30 år sidan. Deretter synfaring på båtsamlingane på Søre Bjørkedal med Ola Einang som omvisar. Så gjekk vegen til det st store Myklebustskipet som står inne på Sagastad på Eid. Her poserte damene med årar og skjold, dei var imponert over at også dette skipet var bygt av båtbyggjararar frå Bjørkedalen.Heimatt til hytta på nørestrand med grilling ved vatnet. Og litt toradarspel og dans vart det på terrassen på Hjalmarolsenhytta. Laurdags morgong gjekk turen til Fosnavåg/Herøy, og endeleg fekk dei polske damene kome ombord i Embla. Diverre kunne vi ikkje dra ut mot havet, då vinden vart for sterk, men vågen gav ly, så det vart nokre runder her. På kaia stod Robert Voldsund og tok mot kvinnene for synfareing på Slippen. Så vart det servering av fiskesuppe som Reidar og Hildur hadde laga av beste kortreist mat. Ein kort fottur med utsyn mot hav og land høyrde med før innstig i heimen til Hildur og Reidar, her stod kveldsmaten klar. Så venta kvelden og natta i rorbua i Leinevika. Og søndagen kom med atter sol, som det hadde vore alle dagane. No var det Herøyspelet "Kongens ring" som venta på øya Herøy. Men først var det friluftsgudsteneste på gamle Herøy kyrkejgard . Deretter benka vi oss rundt borda ved Herøy gard med rrømmegraut, vafler m.m. Og spelet  fenga, Marta Petryk kunne norsk, så ho var dyktig oversettar for dei andre polske kvinnene under heile opphaldet, men det gjekk mest på engelsk oss i mellom.. Etter Herøyspelet gjekk turen til Kvalsvika der Bjarne Kvalsvik opna opp låven sin til festsamkome, og Hildur og Reidar spanderte kjøttsuppe.Bjarne foralde mange historier og skrøner. Og mandag 3. juli vart det heimreise. Og så kom regnet. Flaks for oss alle. Det vart hektiske dagar, men utruleg kjekt. Ser i ettertid at vi hadde for mykje program og for mykje mat, men som vertskap så vil ein så gjerne gjere vårt beste, og då må det i alle fall vere nok mat. Gjestane viste tydeleg takksemd og glede for opphaldet.Og takksmed vert sendt til alle Emblakvinnene som stilte opp. Alle Emblakvinnene ville så gjerne hjelpe til, men ikkje alltid det passa, men ein fin gjeng stilte opp, så tusen takk til dokke, dokke gjorde ein kjempejobb.

Skrift i stein

Tekst i runestein

Denne runesteinen var sett opp i Sømmevågen i Sola kommune i området rundt flymuseet.  Det vart lyst ut konkurranse om beste inskriptsjon som skulle stå på steinen. På runesteinen vart  denne teksta hoggen inn:

"Trå varsomt, husk de som var,  var de som er, og vi som er, blir de som var. Og allting rundt oss er på lån,  for de som kommer etter."

Embla på fredstokt til Rikssamlingsjubileet Hafrsfjord Nordvegen 2022

Så var dagen komen, båt og mannskap på veg til Rikssamlingsjubileet Hafrsfjord Nordvegen 2022. Ein spent gjeng med sjåfør Per Sundal og kartlesar Kirsten i transportbilen med Emblaskipet på båtvogna og 4 privatbilar etter,  med Liv, Ragnhild, Brit og Marianne i kvar sine bilar. Passasjerar; Margrethe G, Ingunn,Hanna-Sølvi, Hilde H og Elsa. Sylvi Aa of Anne-Lise Fredly var passasjerar med tilbake. Lillian. Olli og Hildur var reist i føreveg i eigne bilar. Lillians husbond, Eldor, var til stor hjelp under heile opphaldet. Han og Per sjåfør gleid fint inn i miljøet i sine vikingkjortlar pynta med fargerike halsborder.

Overnatting i Bergen, neste dag i Haugesund og starten på RSJ. Embla med besetning fekk stor merksemd, kom på TV NRK Rogaland, fleire av oss vart intervjua,  og Emblasongen lydde utover by og land, det var som Marelyn Monroe lyfte seg av sokkelen i filmfestivalbyen Haugesund. Dagen etter gjekk ferda vidare til Avaldsnes i Karmøy kommune. Vi overnatta på Visnes leirskule, eit stykke frå samlingsstaden Bukkøy på Avaldsnes, der også vikinglandsbyen låg, dei 10 skipa gleid fint inn i det historiske vikingmiljøet. Emblas fredsseremoni gjekk føre seg på Prestekaia nedanfor Olavskyrkja på Avaldsnes. Solsikkene, Ukrainas nasjonalblomst, som Helga hadde skaffa til veges, gjorde lykke under alle samlingane Embla hadde. Spesielt fredsseremonien i Sømmevågen i Sola kommune gjord eit sterkt inntrykk, då fleire ukrainske barn og vaksne var til stades. Siste dagane var vi i Stavanger kommune og rodde i konvoi på Hafrsfjorden. Vi overnatta i Madlaleiren, ei oppleving i seg sjølv. Vi kjende oss som rekruttar fekk ID kort i snor rundt halsen og stempla oss ut og inn med kode. Det vart travle dagar, vi reiste gjennom 4 kommunar; Haugesund, Karmøy, Sola og Stavanger. Og vi greidde brasen tross coronaen som herja blant mannskapet. Vi kom oss trygt heim både skip og mannskap,  16 slitne, men fornøgde Embladamer hadde greidd brasene også denne gongen.

Embla til Rikssamlingsjubileet juni 2022

Fredsskipet Embla til Hafrsfjord


Emblaskipet er invitert saman med 10 andre vikingskip, og skipa vil få ein sentral plass i sjølve arrangementet rundt Rikssamlingsjubileet. Embla vil få ei spesiell rolle som kvinnefredsskip, og ulike seremoniar med fokus på fred vil bli gjennomført. Som t.d. vil vi framføre ein fredsseremoni med påfølgende fredsappellar og fakkeltog. Anchor of Peace er ein annan måte å synleggjere freden på. Vi vil ro lange stykker i konvoi med andre skip, vere til stades der det skjer. Vi vil bli kjent i vikinglandsbyen på Avldsnes, ha spesiell fokus på kvinna i norrøn tid, kva rolle hadde ho? Vi vil ha arrangemnet for barn og unge og dei eldre vil bli invitert ombord i skipet vårt. På medlems-og julemøtet 26. nov var 15 Emblakvinner samla på Alpehytta, Standaleidet i Ørsta. Arrangementet rundt Rikssamlingsjubileet vart diskutert, og alle såg fram til å delta. Vi ønskte kvarandre god jul og eit godt, nytt Emblaår med masse spanande saker i 2022 kalendaren.

OG KANSKJE KOMMER KONGEN



 

Astrid

Emblas gudmor-Astrid Nøklebye Heiberg døde 2.april 2020

Ei trist melding -Emblas gudmor Astrid Nøklebye Heiberg, døde 2. april 2020. Vi visste at det gjekk mot slutten allereie under 25 årsjubileet  på Eid 10. mai 2019. Ho meddelte sin langt, framskrevne kreftsjukdom under jubileumsmiddagen om kvelden 10. mai. Ho donerte og si "arabiske" Emblakappe til stiftinga Embla-kappa som ho alltid bar når ho deltok på Emblaarrangementa. Astrid var "eit grepa kvinnfolk", ho stod i bresjen for mange viktige saker både i si yrkeskarriere som professor i psykiatri, også i si politiske karriere. Å vere Embla si gudmor var likevel det største ho hadde opplevd, kunne ho uttale. Tenk på det, kjære Emblasøstre. Det er noko stort vi har skapt gjennom Kvinnnefredsskipet Embla, vi forstår det berre ikkje sjølve.Men andre må ha forstått, tenkt på alt vi har vore med på!


Embla 25 år 2019

Kvinnefredsskipet Embla 25 år 1994-2019

25 år har gått, skip og mannskap har fått ein fin patina i utsjånad, men også i våre sinn. Ideen om å bruke eit vikingskip i fredens teneste har satt spor etter seg i inn-og utland. Og kanskje er vi enno ikkje klar over kor genial denne ideen er. Dette er det vi må gå djupare inn i , finne kjerna i vidare bruk av skipet. Eit fredssenter med eit Emblas hus må vi ikkje leggje frå oss. Det har kome så nære no når vår gudmor Astrid slit med sjukdom, men likevel gav så klare tankar i sin tale ved nedlegginga av "Anchor of Peace" ved Eidsfjorden 11. mai 2019, at dette måtte vi gå vidare med.

Embla 25 år 2019

Embla til Sagastad på Eid

Kvinnefredsskipet Embla feirer 25 i 2019. Markering på Eid, 10.-11. mai 2019. Emblaskipet vert plassert i Sagaparken. Open stand begge dagar. Sal av kunstplakatar, laga av kunstaren Sylvi Aambø frå Volda (kr. 100 pr. stk.) og pilegrimsstavar (kr. 200 pr. stk) laga av Ragnar Leine frå Herøy. Info om Emblaprosjektet, utdeling av brosjyrer med 25 års attersyn om Embla sine fredstokt i inn-og utland. Open stand frå kl. 12 kvar dag.

Program Laurdag 11. mai kr. 15.30: "Anchor of peace" Emblas gudmor, Astrid Nøklebye Heiberg, senker fredsankeret i Eidsfjorden, med påfølgande lysseremoni. Om kvelden, kl. 23, vert det arrangert eit stille fredstog gjennom Eids gamle gate. Faklar vert utdelt. Alle er hjarteleg velkomne til å vere med.

Embla sitt 25 årsjubileum vert ein del av opninga av Sagastad. Embla vert som "veslesyster" til det store Myklebustskipet, som vart døypt på Eid 28. april 2019, av Kultur-og Likestillingsminister, Trine Skei Grande, men Emblaskipet er bygt over same lest, frå same skog og av same båtbyggjarhand. Stor ros til båtbyggjarane frå Bjørekdalen og Straumshamn, som har gjenskapt verdas største vikingskip, 30 m lang, og som vart funne restar av i Myklebusthaugane i sentrum av Eid. 

Embla i det våte element

Embla har fått vaska seg siste dagane

T.o.m. Liv og Hilde måtte gi tapt for vergudane. Ser ut som det ingen ende vil ta. Tidlegare i dag, 29.09.18, kom det info om at vatnet hadde trekt seg tilbake, men slik som det har hylja ned utover kvelden, så er det vel påan igjen. Mandag skal det visst bli betre, håper på det, slik at båten kjem seg tygt inni naustet.

Aktivitetsplan 2018

Embla-aktivitetsplan 2018

Vedtatt aktivitetsplan 2018:

  1. Embla utav naustet på vårparte. Roøvingar i juli. Ansvarleg gruppe: Liv (leiar), Hildur, Hanna-Sølvi. Liv kallar saman.
  2. Kristinspelet på Jørundgård, Sel 29.06-01.07.18 Ansvar: Hanna-Sølvi (prosjektleiar), kallar saman dei som har meldt seg på i løpet av juni.
  3. Embla og Sagastad: Ansvarleg gruppe: Liv, Marianne, Brit og Hildur. Liv kallar saman.
  4. Emblas hus: Ansvarleg gruppe: Helga, Marianne, Brit. Helga kallar saman.
  5. Embla-25 år i 2019. Jubileumskomité: Brit, Liv, Sylvi Aa, Oddny, Olli, Solveig, Hilde B. Brit kallar saman
  6. Deltaking på ulike festivaler, arrangement, reiser o.l. i inn-og utland Prosjektleiar: Marianne
  7. Skipet i naustet til hausten: Ansvarleg: båtgruppa jfr. pkt. 1
Nytt Emblaår 2018

Vi håper på god medbør inn i det nye året.

Vi starter friskt med styre-og medlemsmøte mandag 5. februar kl. 18 i Volda Sanitetslag sine nye lokale i Halkjelsgata i Volda. Og mange saker ligg på beddingen: m.a. Aktivitetsplan for 2018, Kristin -spelet 29.-juni-1. juli på Sel-kor mange vert med?-årleg deltaking på Nobels Fredspriskonserten?-Invitasjon til Nordisk Kystkulturfestival Siglufjõrdur, Island 4.-8. juli, bestemme årsmøtedato og stad  m.m. VEL MØTT!



 

Embla sommaren 2017

Frå Bjørkedalen til Igalo i Montenegro

 


"Mitt skip er lasta med" Mange har " tatt eit åretak for fred" på Bjørkedalsvatnet i sommar. Ikkje berre Emblakvinnene, men og vonelege, nye Emblamedlemer. Alle velkomne til å vere med i Stiftinga Embla kvinneskipet ro for fred. Kontakt styreleiar Brit Aanning Aarseth, mb. 99155472, britaa22@gmail.com, så får du høyre meir om Embla. Vi har halde på i snart 25 år, og vi må aldri stoppe arbeidet for fred. Vi har i høgste grad vekt oppsikt for fred, med eit heilt, stort vikingskip; 10.5 m langt, 2,5 m breitt; 12 årar, 12 skjold, flott drakehovud i framstamnen, mast og segl. Eit tidlegare vikingkrigsskip, no eit kvinnefredsskip.                            "Einaste kvinnefredsskipet i verda"  Vi treng ikkje tale store ord, handlinga ligg i fredsskipet. Og vi har reist land og strand med skip og mannskap i løpet av desse åra; Coverrubias i Spania, Madrid, til Catoira i Spania, Eu  og Paris i Frankrike, St'Lõ i Frankrike, Santa Marinella og Roma i Italia, Bene og Riga i Latvia, Arvika og Sãffle i Sverige, Åbo i Finland, San Francisco. Delteke på mange arrangement innanlands; til Selje fleire gongar, Måløy, Fjaler, Horningdal, Volda, Herøy, Eid, Hareid, Kalvåg, Bodø, Oslo, Eidsvoll.

Og i år, der det heile starta, og som skapte ideen om eit fredsskip, til; Igalo i Montenegro. Krigen i tidlegare Jugoslavia i 1991 utløyste frykt, redsle, raseri. Ikkje enda ein gong! ikkje ein 3. verdskrig! no må det vere slutt på dumskapen. og slik vart ideen om fredsskipet Embla skapt. Og som ei symbolsk handling, så senka Hildur fredsankeret under brua Mostar,, brua som vart øydelagt i bomberegnet i 1993, og som vart oppattbygd i 2007. Freden sigra!

Vi reiste 10 Embladamer til Igalo i mai 2017, fekk sjå og høyre historia. Reiste gjennom eit oppdelt land: Bosnia-Herztegonia, Kroatia, Montenegro, eit tidlegar Jugoslavia. No rår det fred i desse landa, men freden er skjør, den trengs påminning til ei kvar tid. "Alle må vi ta eit åretak for fred" 

Fredsprisen 2016

Fredsprisen til den colombianske presidenten Juan Manuel Santos

Ein fantastisk fredspristale av Santos. Stiftinga Embla kvinneskipet ro for fred gratulerer med prisen, Endeleg kan det colombianske folket leve i eit fritt land. Saludo la paz, no más la guerra.

Pilegrimsvandringa

Med Embla på pilegrimsvandring frå Kile til vassenden ved Bjørkedalsvatnet

Start ved øvste brua på Kile søndag 7. aug. 2016 kl. 13. Vi går i samla flokk på den gamle postvegen.

Får høyre historia om postbøndene som førde posten fram gjennom vanskeleg terreng i all slag ver.

Ved Nedstevatnet (Kilsvatnet) stopper vi ved grava til kong Pibe av Kile.

Det vart kamp mellom Olav Haraldsson (Olav den Heilage) og kong Pibe. Olav sigra og kong Pibe fall.

Vi ruslar sakte i ei kort stigning. Undervegs passerer vi brudehilla, og får høyre om slitet det var å kome

seg til kyrkje i gamle dagar. Oppe på platået, ser vi den mektige Olavskrossen. Her vert det ei kort forteljar stund.

Så ruslar vi i roleg tempo på mosegrodd kjerreveg ned mot Olavskjelda,  som ligg i vassmålet ved Mevatnet.

Her drikk vi oss til helsebot. Her tek vi og ein kort matpause. Om nokon ønskjer det så kan ein få kjøpe pilegrimsbrev,

som eit synleg bevis på at ein har fullført pilegrimsvandringa. Brevet kostar kr. 50,

og går til inntekt til Stiftinga Embla-kvinneskipet ro for fred.Vi har Gullbrekka i sikte,

kanskje finn vi gullskatten som skal vere gøymt her? Og no er vi ved vassenden på Bjørkedalsvatnet.

Vi ruslar eit stykke langs riksvegen ca. 200 m, og kikar innom Storevognhuset, her får vi høyre om

båtbygginga på Bjørkedalen og i Kilsfjorden i gamle dagar. Like bak vognhuset ligg Bårdneset, og no er vi ved vegs ende.

Turen tek ca. 2 timar i sakte fart. Vi går uansett ver. Det er fin sommartemperatur. Ha gode tette sko eller støvlar, lett regntøy,

det skulle halde. Tak med mat og drikke. Når det gjeld skyss tilbake, så ordnar kvar og ein seg sjølv.

Nokre går eller spring i raskt tempo tilbake same vegen og hentar bilene på Kile, køyrer deretter til vassenden og tek på passasjerar.

Andre ønskjer å gå i sakte tempo attende, Nyte stillheita, gå for seg sjølv, reflektere over historia og tidlegare tiders hendingar på den ferdselsvegen.

Slik vert vegen ikkje berre ein veg.

Vel møtt til alle og ein kvar, det skal bli ei triveleg vandringsferd.

mvh Brit Aanning Aarseth/guide på turen

Emblakvinner til Oslo 9.-12. des. 2015

Emblakvinner til fredsprisdagar i Oslo

Vi hadde lenge snakka om å ta turen til oslo i samband med fredsprisutdelinga i desember. Og i år vart det røyndom. 19 Emblakvinner set seg på fly og buss og stemner mot hovudstaden. Emblaskipet vert ikkje med, det har komt i naust for vinteren. Leiar, Liv har ordna med losji, billettar til fredskonserten og elles eit fyldig program. Vi vert ikkje med på sjølve fredspristildeling den 10. desember, men den 11. des. benkar vi oss på Telenor Arena i spaning framfor Fredspriskonserten. Og som ramme rundt det heile, så tar vi inn på Katarinahjemmet, eit kloster på Majorstua. Elles vert det besøk hos gudmor til Emblaskipet, Astrid Nøklebye Heiberg i heimen og på hennar arbeidsplass i Helse&sos.Dep. Besøk hos Emblakvinne Helga vert det og tid til. Vi har tenkt å få med oss det meste rundt denne store hendinga i Oslo desse dagane, vi vil delta i fakkeltoget kl. 17.30 den 10. des, og laurdag 12. des. kl. 12 vil gudmor Astrid vise oss rundt i Fredssenteret.

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2015 skal tildeles den tunisiske "Kvartetten for nasjonal dialog" for dens avgjørende bidrag til bygging av et pluralistisk demokrati i Tunisia i kjølevannet av jasminrevolusjonen i 2011.

Embla og Seljumannamessa 5. juli 2015


Embla tok del i denne markeringa under årets Seljumannamesse 5. juli 2015. Vi rodde over vågen til Bø på Selja, steig i land på staden der Olav Haraldsson for første gong sette foten på norsk jord etter at han var blitt konge for 1000 år sidan. Fredsskipet Embla og kongens skip kom inn til staden. Emblakvinnene kom i prosesjon på land og framførte Emblasongen, som markerte fred, same bodskapen hadde  kongen og hans menn i eit historisk spel. Og historia fortel at då Olav Haraldsson steig i land på Selja, glei han og fall på kne med eine foten. "No datt eg ", sa kongen. Rane i kongsfølgje svara: " Du datt ikkje, herre, men no feste du fot i Noregs land". Kongen lo og sa: "Det kan vera, om Gud vil, at det er så".
Så gjekk vi alle, publikum, Emblakvinnene ,Olavs menn og geistlege i pilgrimsmarsj til klosteret på Selja, der biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, heldt preika. Saman med henne deltok mange geistelege. Og det vart ei økumenisk gudsteneste, der alle kyrkjesamfunn i vårt område deltok. og vakker song og musikk ljoma mellom klosterruinane. Gudmor til Embla, Astrid Nøklebye Heiberg, viste seg som dyktig roar ombord i sitt gudbarn, ekstra hyggeleg at husbond Arvid også vart med på reisa til Selja. Og som vanleg, når vi Emblakvinnene er med på slike tokt, så er det sosiale i flokken så velgjerande. Vi trivest saman, vi syng og spelar, og latteren sit laust. Vi vart innlosjerte i velutstyrte leilegheiter like i sjøkanten i Selje sentrum. Arvid og Aage sytte for oppdekking til frokost, også oppryddinga. Vi damene sjaua avgarde og klare til mange åretak for fred.

Foto nr. 1.På veg til Bø på Selja.  foto2. høgtidsstund i klosterruinane     foto 3. Ordføraren i Selje ønskte oss velkomne med påkosta lunsj i Kunsthuset Doktorbustaden

Kristinaskipet i Tønsberg

Sjøsetting av Kristinaskipet 14. juni 2014

Emblakvinnene var inviterte til sjøsettinga av Kristinaskipet i Tønsberg 14. juni 2014

Og vi hadde vore der før. I 2006 vitja Embla med mannskap Kristinaforeninga i Tønsberg. Vi fekk ei varm velkomst og Emblaskipet var godt synleg på kanalen i Tønsberg sentrum. Skipet var stasjonert i Tønsberg nokre dagar før Emblakvinnene og skipet dro vidare i prinsesse Kristinas fotefar til Covarrubias i Spania. Kvinner frå Kristinaforeninga var også saman med oss på ferda.

Kvinnene i Kristinaforeninga ved leiar Anna Lindhjem i spissen vart nok inspirert av det Emblakvinnene hadde fått til. Og 14. juni 2014 kunne dei sjøsette sitt eige kvinnefredsskip. Brit var Embla sin representant ved sjøsettinga og helste frå stiftinga Embla og ønskte Kristinaforening med skipet velkomne til Bjørkedalen i Volda kommune, der Embla har sin base.

smileyBileta under er frå sjøsettinga av Kristinaskipet i Tønsberg 14. juni 2014

Embla og Grunnlovsjubileet 2014

Med Embla til Oslo-Minnesund og Eidsvoll

Vi kom som Eidsvollmennene, roande på Vorma til det det store Grunnlovsjubileet i 2014..Skilnaden frå den gongen var at no var det kvinnene som kom, 200 år etter

Ei stor oppleving å få delta på alle desse arrangementa i løpet av to korte sommarmånader frå 17. juli til 10.aug. 2014.

17. juli var Embla komen på plass i Bjørvika like nedanfor Operaen. Per Sunndal gjorde ein kjempejobb med å transportere skipet frå Bjørkedalen til Oslo. Skipet fekk ei fin plassering på land. Marianne, Hilde, Helga, Kirsten, Tine og Brit skifta på å stå på stand. Folk flokka seg rundt skipet, mange viste interesse for fredsbodskapen skipet brakte med seg.

Båtbyggjar Jakob Helset var og innom standen, han fekk svare på mange spørsmål om båtbyggjartradisjonane på Bjørkedalen. Ekstra stas var det då gudmor til Emblaskipet, Astrid Nøklebye Heiberg og hennar mann Arvik Heiberg tok turen innom Emblastanden.Det var Forbundet Kysten sitt landsstevne knytta til Grunnlovsjubileet som gjorde det muleg denne storstilte mønstringa av over 300 veteranbåtar hovudsakleg  frå Noreg og Norden, også eit skip frå Kroatia låg like ved Embla, her vart Emblakvinnene inviterte ombord, og vi deltok i ein stille fredsprosesjon der vi bar årane over skuldrane som ei samanhengande fredsrekke.

Heile Bjørvika var fylt opp av veteranbåtar på sjø og land saman med utalige handverksbuder av alle slag, det meste knytta til Noregs maritime historie gjennom fleire hundre år. HIndholmen låg og i Bjørkvika og fekk stor merksemd. Emblamannskapet fekk overnatte i ruffen og elles stelle seg som best var ombord. Vi hadde bokstaveleg tala orkester plass like ved Operaen, og nådde lett til alle arrangementa.

Etter at arrangementet i Bjørvika var slutt vart Embla frakta til Mjøssamlingane ved Minnesund. Det var museumsfolk der som tok på seg jobben. Emblaskipet med mannskap skulle nemleg delta på enda eit arrangment litt seinare på sommaren, denne gongen på Eidsvoll,i tidspunktet 8.-10. august. Gudmor Astrid Nøklebye Heiberg, Ragnhild, Sylvi L, Sylvi R, Anne-Lise F., Anne-Lise H.F.,Gunn, Hanna-Sølvi, Liv, Kirsten, Marianne, Olli, Lillian, Margrethe G, Brit, Hilde H. tok turen til Minnesund og Minne Gård. Vi fekk ei varm velkomst av vertinna Mette, og vi vart plassert i gjestehus og stabbur. Ein flottm historisk gard. Vi fekk nytte hus, kjøkken og restaurant  som vi ville.

Embla var komt på plass ved Mjøssamlingane, så neste morgon tok vi årane fatt og rodde på Vorma ned til Eidsvoll sentrum. Ei stor folkemenge tok i mot oss. Gudmor Astrid Nøklebye Heiberg heldt tale om Emblaskipet og fredsbodskapen. Ein bodskap som er viktigare enn nokon gong før. Å bruke Emblaskipet som speakers corner for fred er vår talarstol.

Brua inn til Eidsvoll var for lav for Emblas prektige mast, men vi damene imponerte, la masta elegant ned, og oppatt etter avslutninga på Eidsvoll. Vi som hadde vore med på denne hendingna fekk ei kjensle av korleis Eidsvollmennene kom til det store Grunnlovsmøtet i 1814, mange av dei kom roande på Vorma, slik vi gjorde, skilnaden denne gongen var at no var det kvinnene som kom, og det heile  200 år etter.

Og tusen takk Anne Skauge frå Eidsvoll for stor hjelpsemd, tilrettelegging, gjestfridom, og takk for ditt gode smil, du er ei dame som vi alltid vil hugse.

Embla på jubileumstokt

Embla til Oslo og Eidsvoll

Siste roøving før det store jubileumstoktet, vert onsdag 9. juli kl. 18. Viktig at dei som har meldt seg på Eidsvollturen, 8.-10. august møter opp, treng all den øving vi kan få med oss.

Mandag 14. juli kl. 18 vert det pakking av skipet, møt opp også då, alle hender trengs. Transportør Per Sundal, Kirsten og Hilde fraktar skipet til Oslo onsdag 16. juli.

Skipet skal stå på båtvogna i Bjørvika frå den 16. juli. om kvelden til laurdag kveld den 19. juli eller søndag 20. juli. Deretter vert Embla frakta opp til Minnesund av folk frå Mjøssamlingane. Båten skal ha opphald ved Mjøssamlingane til Emblakvinnene kjem til  Minne og Minne Gård, fredag kveld den 8. august. 9. august kl. 9 starter roturen til Sundet i Eidsvoll. Veteranbåtar frå Mjøssamlingane følgjer oss. Kl. 11-12 vil vi vere i Sundet og ta del i arrangmentet der. Embla vert slept motstraums opp att av fløttbåtar  til Mjøssamlingane, der vi skal ta del i div. arrangment til kl. 16. Søndag 10. aug. vert vi ved Mjøssamlingane til kl. 16. Etter det pakkar vi båten for heimreise.

Brit drar nedover til Minnesund og Oslo tysdag 15. juli, har avtala møte med styreleiar for Mjøssamlingane, Per Inge Høiberg og Magnus Sefland. På veg heim etter  Osloturen, vil eg besøke Minne Gård og sjå på tilhøva der.

Prosjektgruppe for Minnesund og Eidsvoll: Brit /prosjektleiar, Marianne/høvedskvinne og båtansvarleg, Underhaldning/Hanna-Sølvi, Presse/info Anne-lise, Velferd/reise m.m. /Liv, Økonomi/Oddny

Prosjektgruppe Oslo: Marianne/leiar, Brit og Helga

mvh Brit

Embla-20 årsjubileum 9. mai 2014

Stor feiring på Bjørkedalen

Gudmor Astrid Nøklebye Heiberg, Brita Blomquist, Thor Brenne, Jakob og Inger Helset var våre gjester. Vi hygga oss med god mat og drikke. Det vart song og musikk, talar og attersyn. Etter ei god økt inne vart vi geleida ut til Emblaskipet, som låg og duva på eit spegelblankt Bjørkedalsvatn. Lillian sette tente lys på eit skjold og sette det på det kveldstille vatnet, mens Olli las eit kvad om lyset og freden. Tente faklar lyste opp i kveldsmørket. Det vart ein fin avslutning på ei høgtidsam jubileumsfeiring. Vi song til slutt Emblasongen og Deilig er jorden.

Embla-20 årsjubileum 9. mai 2014

Stor feiring på Bjørkedalen

Gudmor Astrid Nøklebye Heiberg, Brita Blomquist m.fl. var våre gjester. Vi kosa oss med god mat og drikke. Det vart talar, attersyn, song og musikk. Etter hyggestunda inne i det koselege vertshuset til Jakob og Inger Helset, tok Olli og Lillian oss med til Emblaskipet som duva lunt på det spegelblanke Bjørkedalsvatnet. Her sette Lillian skjoldet med dei mange tente lysa på vatnet,  mens Olli las eit vakkert hyllingskvad til lyset og freden. Faklar var tent i vassranda. Alle song vi Emblasongen.

1994 Åbo Finland

Til Nordisk Kvinneforum i Åbo 1994
Barne -og Fam. Dep.(BFD) ønskte Emblaskipet med besetning som deltakar i Nordisk Kvinneforum i Åbo i aug. 1994. Året før hadde BFD ytt kr. 25 000 i tilskot til Embla-prosjektet. Det var Gerd Gjøsund, den gode sunnmøringen frå Valderøya, ansatt i BFD, som kom på ideen om å bruke Embla til dette formålet. Ho fekk Britt Schutz, prosjektleiar for Nordisk Forum, med på ideen, og BFD ytte kr. 100 000 til transport av skipet pluss opphald for mannskapet.Skipet var ferdigstilt i mai same år, kvinnene var utrena, men vi greidde oss fint på Aura Å. Vi arrangerte Barnas dag, Lysseremoni, holdt fredsappell, var med på Kunstens natt osb. Så populært var skipet vårt at det vart stole i løpet av nattens mulm og mørke, men gjennfunne i god behold. Opplevinga på politisasjonen  var ei hending i seg sjølv. Aldri før hadde iet vikingskip blitt stole på Aura Å, det fekk store oppslag.

Grete Berget vår internasjonale gudmor

Embla fekk sin andre dåp, sin internasjonale dåp, på Aura Å i Åbo 6. aug. 1994. Og akkurat på minuttet då statsråd Grete Berget ønskte skipet hell og lykke på alle hav, så var det som alle himlens sluser opna seg. Det varte berre nokre få minutt og så skein sola att frå ein skyfri himmel. Vi tok det som eit godt teikn frå oven-" regn i brudesløret betyr, som sagt, lykke". I Åbo kom vi i kontakt med andre fredsorganisasjonar . Vi var med i opningssermonien, arrangerte eige fredsseminar og Barnas Dag. Tok del i Kunsten Natt og profilerte kommunane våre; Eid, Volda og Herøy. Litt dramatikk opplevde vi og. Ei natt vart Emblaskipet stole. Store politstyrker rykte ut. Embla vart funnen i god behald lenger oppe i elva. Stor honnør til politiet i Åbo for rask oppklaring av saka.

Fredskonferanse i Bjørkedalen 1995

6.-7. mai 1995 50 år etter frigjeringa 8. mai 1945, arrangerte Stiftinga Embla fredskonferanse på grendahuset Fridtun på Bjørkedalen.
Brita Blomquist var programleiar. Ordføraren i Volda, Knut Bere, opna konferansen. Emblas gudmor Astrid Nøklebye Heiberg, kom på talarstolen, likeså Embla internasjonale gudmor og statsråd, Grete Berget. Prosfessor Berit Aas heldt eit tankevekkande foredrag om landminer og det grufulle desse skjulte våpena fører med seg. Tamara Zarins Egeland, født og oppvokst i Latvia, heldt eit gripande inlegg om då ho og familien måtte flykte frå sitt heimland under og etter 2. verdskrigen. Programmet var rikhaldig med song og musikk, god mat og hyggeleg samvere. Dei langveges deltakarane fekk overnatte i hyttene på Bjørkedalen og neste dag vart det roturar med Embla på Bjørkedalsvatnet.

Säffle og Arvika i Sverige

Embla i Säffle og Arvika i Sverige
10.-15. juni 1995 var Embla med besetning inviterte til deltaking i Sãffle og Arvika i samband med den årlege Vikingaleden i området rundt Vãnern og Vãrmland i Sverige..
Embla var eitt av tre skip som vart losa og slusa fram på den gamle piiegrimsvegen til Nidaros. Det var vanskeleg å ro på den grynne elva, som også var tettvokst av siv. Spaninga var stor då vi vart ført gjennom dei mange slusene. Det var som å stå på eit høgt fjell og deretter skli langsomt ned til grunnen. Vi fekk ein varm velkomst kvar vi enn stranda langs Vikingaleden.
I Arvika var det bygt opp ei spesiell scene for "Emblas kõr". Vi  var ikkje høge i hatten då vi entra det fleire meter høge stillaset. Vi var, på det tidspunktet, ikkje så øvde uti songen, men heldigvis var Hjørdis Sævik med, ho som har laga tekst og melodi til Emblasongen. Ho stemte i for full hals, vi andre følgde etter med skjelvande røyst. Vi fekk faktisk applaus. Betre gjekk det med lysseremonien og fakkeltoget gjennom gatene i Arvika. Hjørdis proklamerte også ein velklingande fredsappell.
Vi kom ikkje til Nidaros, det var heller ikkje målet, vi kom så langt vassvegen førde oss. Resten måtte vi gå til fots om vi skulle kome til Olavskyrkja i Nidaros. Det ville nok tatt for lang tid for travle kvinner som måtte attende til jobb, mann og barn.


På veg til Sverige hadde vi første stoppet på Grotli. Gunn og Thor tok imot oss i hytta si og vi overnatta der til neste dag. Thor var allereie ein trufast transportør av skipet.
Ved grensa til Sãffle vart siste stopp før vi hærtok byen med fredsskipet Embla.

Emblaskipet i Steigen i Nordland

2.-3. august 1995 var Embla med besetning inviterte til Kvinneuniversitet Nord (KUN) og Steigen Sagaspel.Kvinneuniversitetet Nord  ønskte å nytte Emblaskipet i Sagaspelet. Vi framførte fredsappellen i ein bunkers frå krigen, ein slåande kontrast til Embla sin fredsbodskap.
Embla vekte merksemd på vågen i Steigen.

United World Collage i Fjaler

Embla deltok under opninga av United World Collage (UWC) i Fjaler, Sunnfjord 30. sept. 1995

Embla med mannskap var invitert, og låg på Vågen og kasta glans over hendinga. Dei to dronningane opna den nye UWC i Fjaler 30. september 1995. Det finst 15 slike skular rundt om i verda.
Dronning Sonja er UWC i Fjaler  sin høgste beskytter.


Dronning Sonja, dronning Noor av Jordan og Emblas gudmor, Astrid Nøklebye Heiberg beundra skipet og helste på Emblakvinnene.

1000 årsmarkeringa for kristninga av Norge

September 1996 Emblakvinnene deltok i 1000 års markeringa for kristninga av Norge på øya Selja. Embla låg på vågen utanfor øya. Emblakvinnene gjekk i prosisjon opp til Selja Kloster . Det vart ei fin framføring av 1000- årsmarkeringa med gudsteneste, song og musikk. Emblakvinnene framførte ein vakker lysseremoni med påfølgande fredsappell.

Eu i Normandie 1997

Kvinneskipet Embla deltok i perioden 30.05-08.06 1997 under feiringa av 1000-årsjubileet for Grevskapet Eu, som eitt av 4 skip bygt av jakob Helset på Bjørkedalen. Jubileet markerte at det var 1000 år sidan at Richard 1, soneson av Normandis første hertug, Gange Rolv, grunnla grevskapet. Ålesund by er venskapsby til Eu, og var spesielt inviterte  til jubileet. Gange Rolv var født på Giske utanfor Ålesund. Bjørn Huseby, rådmann i Ålesund, ønskte at fredsskipet Embla skulle delta.
Han la alt til rette for oss,han t.o.m. omsette temaheftet om Embla til fransk.
Embla fekk æra av å bringe tusenårsflammen siste stykke inn til byen Eu. Ordførar Gout hadde tidlegare henta flammen i Ålesund. Marianne var eit vakkert skue der ho stod i stamnen på Embla med den lysande fakkelen i arma.

1998 "Norway Day Festival" San Fransisco

Våren 1998 fekk Emblaskipet med besetning oppleve den store Amerikareisa. Hilde Aarseth Krøgenes, dotter til Brit, var med i komiteen  "over there" som arbeidde med det årlege Norway Day Festival arrangementet i San Francisco bukta, kalla The opening of the Bay.Ein telefon kom frå Det Norske Konsulatet i San Francisco; "Mamma. ta med deg Emblaskipet og Emblakvinnene og kom til San Francisco (SF) og ver med på "Norway Day Festival". Mamma Brit trudde det var ein spøk, men det vart ein realitet.
Star Shipping i Bergen og med kontor m.a. i SF, frakta Emblaskipet gratis tur/retur over Atlanterhavet. UD var og ein stor bidragsytar.
25. april var vi med i båtparaden The Parade Bay, og Embla var leiarskip saman med George Washingtons skip, Tomahawk, ei stor ære gitt til oss Emblakvinner. Det var med stor spaning og ikkje lite nervøsitet då paraden starta. Vi vart slepte eit godt stykke i motstraum utover mot Golden Gate. Politieskorte følgde oss, vi kjende oss som dronningar, vi var fremst saman med George Washintons skip, vi var i fokus. Verre vart det då vi måtte greie oss på eigen hand, det vart ei tung ferd attende til Fisherman's Warf. Embla hadde turka godt på den lange ferda over Atlanterhavet, og då skipet vart sjøsett i Hyde St. pier i Fisherman`'s Warf nokre dagar før, så gjekk det rett og slett til botns, men kom raskt oppatt, reine pinsedåpen. Og at Embla ikkje hadde trutna nok, det fekk vi merke på den lange ferda til Golden Gate og attende. Vi var våte til langt oppå magen. Men stolte var vi "Tenk at vi har rodd under Golden Gate" saman med Tomahawk, jubla vi til kvarandre.

Anchor of peace

I San Fransisco vart også vår første knoppskytingsorganisasjon skipa, ”Anchor of Peace”,
i samarbeid med den amerikanske fredskvinna Heidi Kühn. Heidi Kuhn er leiar for fredsorg. "Roots of Peace" i SF. I alle hamner Emblaskipet besøkte etter dette, skulle vi senke eit lite symbolsk anker som eit ankerfeste for fred.


Ombord i båten står Brit Aanning Aarseth, Heidi Kuhn m/sonen på arma, Hilde Aarseth Krøgenes (bak), fru Urstad og Rønnaug Leite.

Mrs Koffi Annan

Emblakvinnene Sylvi Aambø og Brit Aanning Aarseth var inviterte til Fredsfrokost saman med Mrs Koffi Annan, Heidi Kûhn leiar for "Roots of Paece" og Brit si dotter Hilde Aarseth Krøgenes, koordinator for Norway Day Festival og eit hundretals prominente delegater. Resten av Emblakvinnene ankom nokre dagar seinare, Det var ei stor hending for Sylvi og Brit og få delta på denne konferansen. Emblaprosjektet fekk stor applaus for ideen, og i sin tale framheva Mrs. Kofi Annan nettopp Embla  som eit kreativt fredsprosjekt skapt av kvinner.  Mange fekk skue skipet midt i SF då det var plassert for anledningen utanfor konferansesenteret. Mrs Anna Kofi Annan, som for øvrig er svensk, snakka med oss og ho stilte villig opp til fotografering framfor fredsskipet Embla. Mor og dotter var ikkje lite stolte.
Emblakvinnene med Alcatraz i bakgrunnen, Anchor of peace.

kulturdagane i Hornindal 10.-19. juli 1998

 Embla fekk invitasjon til å delta under Kulturdagane i Hornindal 10.-19. juli 1998.
Margun Ervik var prosjektleiar, Ingunn Vaksdal var høvedskvinne, ansvarleg for lysseremonien, Astrid Torheim.
Embla rodde frå Holmøyane til Grodås, ein rotur på omlag 2-3 timar. Ved ankomst helsa mannskapet med årane. Margun las kvad, , Kirsten Kjøllesdal las fredsdikt.
Ordføraren i Hornindal helsa og overrekte eit skinnbrev til Embla.
Det vart gåveoverrekkingar frå Volda, Herøy og Eid ved Sylvi Rønnestad, Annlaug Varhaugvik og Rønnaug Leite.
Ved midnatt rodde Embla ut på vatnet i skyminga med tente faklar, eit vakkert syn for alle som omkransa vatnet.
Margun Ervik las fredsappellen skreven av Sylvi Aambø.

Latvia 2001

Embla til Riga sitt 800 årsjubileum 17. august.2001.

Vi plasserte Embla på fredsplassen midt i Riga utan løyve på førehand. Ei militærparade kom marsjerande inn på plassen. Vi vart bedne om å flytte skipet. Brått var vi omkransa av menneske som tok oss i hendene og slo ring rundt skipet. Dei tok til å synge Latvias nasjonalsong. I 1991 vart Latvia eit fritt land, men det var tydleg at Sovjettida enno hang att.
Etter songen drog vi Embla på vogna med handemakt,  stille og roleg bort i eine hjørnet av plassen,der fekk vi stå i fred. Vi følte at vi hadde sigra med vår fredsbodskap,

Dagen etter vartskipet sett på Daugava elv. Det var sterk straum i elva, så vi måtte bruke krefter for å halde båten på rett kjøl.

Bene i Latvia

Bene i Latvia Bene, Tamara Zarins Egelund sin barndomsby, som ho måtte flykte i frå etter 2.verdskrig. Ho og fam. kom som flyktningar til Volda tidleg på 50 talet, ho vart Brit si gode veninne. Emblakvinnene har støtta Tamara i hennar hjelpearbeid.
Embla, "Mitt skip er lasta med" kom med  gåver til barna i Bene;  sko og klede, leiker, skulesaker m.m. Vi hadde og med kr. 25000,- til renovering av dusjar og toalett på skulen.
På veggen heng eit relieff av eit vikingskip, laga av snikkarar i Bene etter modell av vikingskipa som heng på murveggen på Vikeneset i Volda.
På fotoet ser vi Tamara som vert utnemnt som æresmedlem av Embla.

Santa Marienella i Italia 2003

Santa Marienella, hamnebyen til Roma 17.-28.sept. 2003 Embla deltok i kultur-og næringsutvekslinga Norge i Italia.
Arrangementet hadde tittelen:  "A spirit of Norway" I Signori del Mare.
Det var Cristina Cappelen som stod for arrangementet, som skulle mønstre norsk kultur-og næringsliv.
Det heile skulle foregå i hamnebyen til Roma, Santa Marienella.
Thor Brenne og Erling Bjørkedal tok på seg å transportere skipet, vi andre kom luftvegen.
Det var meininga å sette skipet på vatnet utanfor ei borg i byen, Men diverre skipet kunne ikkje sjøsetjast grunna farlege rev rundt sjøvegen til borga. Det seier seg sjølv at ei borg skal vere vanskeleg å forsere både frå sjø og land, det hadde nok ikkje den godaste Christina tenkt på. Så skipet fekk sin plass i borggarden. Det var og her norsk næringsliv og norsk kultur skulle markerast, så det passa for så vidt bra at skipet og  fekk sin plassering her, men det vart lite roing.
Vi underheldt frå scena så godt vi kunne og fekk framlagt fredsbodskapen på ein fin måte. Saman med dei norske delegatane hadde vi og vår eigen stand, der vi profilerte Emblaprosjektet spesielt. Vi hadde og med reiselivsbrojyrer frå eigne kommuner.
Vi fekk og vere med på ein tur til Roma, den evige stad, pilegrimsstaden framfor nokon.Christina var den eminente guide.

Kalvåg

Vikingskipet Embla deltok. Vi hadde open båt for publikum. Fredsapell og song på samfunnshuset, og fakkeltog i Kalvåg med Emblakvinnene og stor deltaking frå publikum
Kalvåg

I prinsesse Kristina fotspor frå Tønsberg til Covarrubias i Spania 2006

Kristinaforeninga v/Anna Lindhjem i spissen, inviterte Emblaskipet med besetning til Tønsberg som ei markering av at det hadde gått 750 år sidan prinsesse Kristina av Tønsberg reiste til Spania for å gifte seg med prins Filipe. På biletet ser vi Prinsesse Kristina og biskop Peder til Hamar med følgje-klar for avreise til Spania seinsommaren 1257. Prinsesse Kristina og gudmor Astrid vinkar farvel 2. sept. 2006 -750 år seinare. Ei flott, symbolsk handling, som i praksis vart gjort til røyndom, då Embla ankom Covarrubias i Spania ein månad seinare.

Covarrubias 2006

Prinsesse Kristina saman med sitt følgje- fredskvinnene frå Tønsberg. Skipet har ankomme Covarrubias og har fått sin plassering midt i den vakre Middelalderbyen Prinsesse Kristina sin sarkofag i klostergangen ved Stiftkyrkja. Mia Søreide fortel om Kristina si skjebne. Ho kom til eit framand land, ho hadde med seg si kristne tru. Prins Filipe var ein god husbond, han lovte henne at ho skulle få si kyrkje, eit St. Olavs Kapell. Diverre så døde Kristina berre 28 år gammal. Men folk i Tønsberg hadde ikkje gløymt hennar store ynskje. I år 2011 stod endeleg St. Olavs kapellet ferdig i Covarrubias.
Diverre så fekk heller ikkje Mia Søreide oppleve kapellet, ho døde i 2011 før kapellet stod ferdig. Eit godt og vakkeert minne etter Mia er at ho fekk æra av å senke Embla sitt "ankeret for fred" i elva som renn gjennom Covarrubias.

Catoira i Spania 2007

Frå Catoira går fjorden Ría Arousa innover til Padrón og Iria Flavia, inngangsporten til Santiago de Compostella. Dei mange steinkorsa langs kysten viser pilegrimane ein trygg og farbar veg. I 2007 gjekk turen til Galicia i Nordvest Spania. Skipet hadde då overvintra i Covarrubias. Ordføraren i Catoira inviterte Emblaskipet med besetning til den årlege Romaria Vikinga ved Oesteborga, den uovervinnelege borga, som også den norske vikingkongen, Olav Haraldsson(Olav den Heilage) måtte gje tapt. Det var sterke krefter og vilje i det gallisiske folket, ingen skulle få røve gods og gull i pilegrimskyrkja Santiago de Compostela, som låg lenger oppe i elva Ria de Arousa. Fredsskipet Embla fekk ei anna mottaking. Vi følte at  vi stod midt i verdspolitikken, vi kom med forsoning for vikingane sine herjingar. Skipet hadde same skap, men innhaldet var eit anna, Symbolikk og røyndom vart eitt; "Fredskipet Embla var sant"

Landstemne Forbundet kysten 2008

Embla deltok i Forbundet Kysten sitt Landsstemne 16.-20. juni 2008 i Fosnavåg

2008 Tall Ships Races i Måløy

Emblas deltaking under Tall Ships Races i Måløy

Torvtekking

Torvlegging på Embla-naustet hausten 2008


Naust 2006

Naustet nesten ferdig i 2006.
Ottar Bjørkedal var byggmeister.

Emblakvinnene i gule regndressar

I 1992 vart ideen om eit fredsskip skapt. Det gjer godt, i år 2012, å kunne skue tilbake på 20 aktive år med Embla både ute og heime. Vi trur og at det kan vere interessant for dei som kjem etter å sjå korleis vi, vår generasjon kvinner, har møtt krigstrusselen på. For det var ein reell krigstrussel i 1992 då krigen starta i det tidlegare Jugoslavia. "Skal det verkeleg skje igjen?", sa vi til kvarandre, " i eit såkalt sivilisert Europa, hadde vi ikkje lært av 2. verdskrig?" Vi måtte gjere noko, noko som vekte oppsikt. "Vi bygg eit fredsskip lik eit  vikingskip som no skal segle i fredens teneste. Eit vikingskip, eit tidlegare krigsskip, som speakers corner for fred.
VI SNUR KRIG TIL FRED" Båtbyggjar Jakob Helset hadde stor tru på prosjektet og skipet tok raskt form.
29.april 1994 vart det sjøsett på bjørkedalsvatnet.

21. mars 2009 Emblakonferanse i Aasentunet-"Dei gløymde barna"

15 år hadde gått sidan Emblaskipet sette kjølen i Bjørkedalsvatnet. 15 spanande år som vart markert under jubileet i Aasentunet i Ørsta 21. mars 2009. Leiar i stiftinga Embla, Liv Stokkenes Jacobsen, leia konferansen. Anne-Lise Fredly og Brit Aanning Aarseth heldt attersynet med powerpoint og foredrag. Gudmor Astrid Nøklebye Heiberg synte tydeleg stoltheit over å vere gudmor til Embla. Astrid har lang erfaring i sitt arbeid som president i Norges Røde Kors og president i Det Internasjonale Røde Kors. Ho avslutta talen sin med ordet håp, håp fordi vi har fått eit verdensomspennende internasjonalt samarbeid gjennom FN med alle dets underavdelingar, vi har fått konvensjonane mot kvinnediskriminering og rasediskriminering, Barnekonvensjonen osb.
Hovudposten på konferansen hadde tittelen "Asylsøkjarborna-dei gløymde borna"
Psykiatrisk spl. og høgskulerektor ved høgskulen i S&F, Siv Førde  viste tydeleg engasjement for asylsøkjarborna. "Sjølv om alle land innanfor EU har signert barnekonvensjonen, ser ikkje denne ut til å gjelde for flyktningebarn" Med desse tankevekkande orda avslutta ho talen sin. 

Embla i samarbeid med kvinner i Mbala/Zambia

Eid kommune har inngått ein samarbeidsavtale med Mbala i Zambia. Embla har som frivillig organisasjon knytta seg opp mot samarbeidet. Rønnaug Leite, som representant for Eid kommune, var med på ei reise til Mbala i 2001, også Liv Stokkenes Jacobsen har besøkt landet.  Embla har vore med og støtta kvinnegrupper i Mbala med symaskiner.
Representanter frå Mbala vitja Bjørkedalen og fekk ro i Emblaskipet. Emblakvinnene arrangerte ei samkome for dei i vertshuset til Inger og Jakob Helset

Alle fekk kvar si Emblaskjorte. Som takk for besøket sende dei eit bilete av seg sjølve i Emblaskjortene og helste oss med det norske flagget.

Rønnaug Leite-Emblas utsending til FN's 4 verdskonferanse for kvinner i Bejing i september 1995

Rønnaug deltok som observatør på konferansen. Ho informerte om "Stiftinga Embla-kvinneskipet ro for fred" som fredsorganisasjon,  og knytta mange fredskontakter.
Rønnaug var pådrivar for å få til ein dato der kvinner verda over kan stå saman om ein felles kvinnedag for fred.

"24. mai - internasjonal dag for fred og nedrustning."

Vi kan vere stolte av Rønnaug som markerte "Stiftinga Embla-kvinneskipet ro for fred", på ein slik verdig og fin måte. 

St.Lô i Normandi i juni 2011


Emblakvinnene deltok også i den off. feringa av Gange- Rolv 25. september 2011.Først under gudstenesta i den vakre steinkyrkja på Giske, så roturen over Valderøyfjorden til Ålesund by og markeringa ved Rollonstatua i byparken.
Her enda den lange ferda for Embla og Emblakvinnene. Vi hadde så absolutt reist i Rollon sine fotspor dette året; frå Noreg til St. Lõ i Normandi, 23.-27. juni 2011 og attende til Rollon sine røter, Giske og Ålesund med deltakinga i byparken.
Rollonstatua som rager i byparken er ein tro kopi av Rollonstatua som står i  Rouen og som vart gitt av myndigheitene i Rouen til Ålesund by  i 1911 i samband med 1000 årsmarkeringa sidan Gange Rolv av Giske og Ålesund vart hertug i Normandi.
Ei liknande statue er satt opp i Fargo i Nord-Dakota, som gåva frå franske imigranter til norske imigranter "over there".







Helga m/rødt skjerf, fruen til Reksnes gard
 nyt sin déjeuner i festivalteltet i St.-Lô saman med Inge Kvamme, Ingunn Moltu og Lillian Notøy.



Idun ,eple si gudinne. Eplets beskytter i norrøn mytologi, var med oss på reisa. Reknes gard med kulturutveksling til Normandi, har utvikla sin eigen eplesider; Calvareks.