Embla med mannskap er invitert til å delta i "Vannvittige dager" i Sundet, i det gamle kommunesentret på Eidsvoll, 7.-9. august 2014.  Skipet skal sjøsetjast ved Mjøssamlingane i Minnesund, og så ror vi medstraums på elva Vorma ned til Sundet. Embla vil med dette markere transportårane som folk nytta i eldre tider. Dei gjekk til fots over fjell og gjennom dalar. Båten tok dei vidare på sjøen, vatna og elvane. Slik kom og Eidsvollmennene til det viktige møtet i 1814. Fredsaspektet er viktig, vi snakker om Kielfreden og det vidare arbeidet med å frigjere Noreg, som nettopp låg i Grunnlova. Fredsskipet Embla skal så visst finne sin plass i denne markeringa.