Embla på fredstokt til Rikssamlingsjubileet Hafrsfjord Nordvegen 2022

Så var dagen komen, båt og mannskap på veg til Rikssamlingsjubileet Hafrsfjord Nordvegen 2022. Ein spent gjeng med sjåfør Per Sundal og kartlesar Kirsten i transportbilen med Emblaskipet på båtvogna og 4 privatbilar etter,  med Liv, Ragnhild, Brit og Marianne i kvar sine bilar. Passasjerar; Margrethe G, Ingunn,Hanna-Sølvi, Hilde H og Elsa. Sylvi Aa of Anne-Lise Fredly var passasjerar med tilbake. Lillian. Olli og Hildur var reist i føreveg i eigne bilar. Lillians husbond, Eldor, var til stor hjelp under heile opphaldet. Han og Per sjåfør gleid fint inn i miljøet i sine vikingkjortlar pynta med fargerike halsborder.

Overnatting i Bergen, neste dag i Haugesund og starten på RSJ. Embla med besetning fekk stor merksemd, kom på TV NRK Rogaland, fleire av oss vart intervjua,  og Emblasongen lydde utover by og land, det var som Marelyn Monroe lyfte seg av sokkelen i filmfestivalbyen Haugesund. Dagen etter gjekk ferda vidare til Avaldsnes i Karmøy kommune. Vi overnatta på Visnes leirskule, eit stykke frå samlingsstaden Bukkøy på Avaldsnes, der også vikinglandsbyen låg, dei 10 skipa gleid fint inn i det historiske vikingmiljøet. Emblas fredsseremoni gjekk føre seg på Prestekaia nedanfor Olavskyrkja på Avaldsnes. Solsikkene, Ukrainas nasjonalblomst, som Helga hadde skaffa til veges, gjorde lykke under alle samlingane Embla hadde. Spesielt fredsseremonien i Sømmevågen i Sola kommune gjord eit sterkt inntrykk, då fleire ukrainske barn og vaksne var til stades. Siste dagane var vi i Stavanger kommune og rodde i konvoi på Hafrsfjorden. Vi overnatta i Madlaleiren, ei oppleving i seg sjølv. Vi kjende oss som rekruttar fekk ID kort i snor rundt halsen og stempla oss ut og inn med kode. Det vart travle dagar, vi reiste gjennom 4 kommunar; Haugesund, Karmøy, Sola og Stavanger. Og vi greidde brasen tross coronaen som herja blant mannskapet. Vi kom oss trygt heim både skip og mannskap,  16 slitne, men fornøgde Embladamer hadde greidd brasene også denne gongen.

Legg til en kommentar