Klar for roøving i Fosnavågen 4. september 2021

Embla på sjøen att 25. august 2021

Det gjorde godt i kropp og sjel å sjå Embla flyte att etter eitt år på slippen og med full renovering. Ein kjempejobb gjort av Hildur og Marianne og med god hjelp av Olli og Lillian og ikkje minst karane på slippen.Noko hjelp også av oss andre som kom langvegs frå. Store avstander gjer samkoma oss i mellom vanskeleg, men slik har det vore i snart 28 år. Med godvilje så har vi greitt brasene til no, og det ser ut som vi framleis vil ro Embla og fredsbodskapen vidare framover. For til neste år 2022, 9. til 19. juni, er vi inviterte med skip og mannskap til Rikssamlingsjubileet i Hafrsfjord og Avaldsnes. Embla vil få ei sentral rolle under jubileet.

Det var Harald Hårfagre som ivra etter  å samle Noreg til eitt rike. Han ville ha slutt på ufreden mellom jarlar og småkongar, som alle ville ha makt i sitt vesle rike. Det er dette som skal markerast ved eit Rikssamlingsjubileum 1150 år etter slaget i Hafrsfjord. Harald Hårfagre vann slaget og med det samlinga av Noreg til eit rike. Harald Hårfagre vart såeis Noreg sin første konge. Vi har takka ja til invitasjonen, og det er synt stor interesse frå kvinnene si side om deltaking. Så derfor må skipet vere i god stand allereie no, for til våren må vi stå på med roøvingar fram til jubileet..