Emblaskipet 20 år i 2014

Embla sjøsett 29.april 1994

Det var ein stor dag, 29.april 1994, då Embla fekk vatn under kjøl. Ville vi kvinnene greie å drage det 10.5 m lange skipet med ei vekt på over eitt tonn, frå Jakob sitt båtskott over markene ned til Bjørkedalsvatnet? Men allereie då fekk vi provet for "at når ein lyfter i flokk" så greier ein det meste. Embla flaug over markene, vi hadde eit fæla strev med å halde att. Og det var ein stolt augneblink når vi såg det vakre skipet gli elegant ut i sitt rette element. Ein enda større dag var det når skipet vart døypt på Eid, 28. mai same år, av Astrid Nøklebye Heiberg. 20 år har gått og det skal storleg feirast på Bjørkedalen 9. og 10. mai 2014.