Embla til Selja 1. juni 2013

Emblas pilegrimsvandring er ved vegs ende. I august 2010 vandra vi første etappe til Olavskorsen på Kile i Volda. I augut 2011 gjekk ferda over Bjørkedalseidet til Harpefossen i Eid kommune. I juni 2012 gjennom Remmedalen til Stårheim og Orheimtunet. I augut 2012 over Berstadeidet til Berstad gard i Selje kommune. No har vi nådd målet; St. Sunniva på Selja.

Festspela i Bergen 2013 har lagt ein del av sitt arrangement til Selja, 1. juni 2013. Emblaskipet og fredskvinnene vert med i arrangementet. Når hurtigbåten frå Bergen kjem til Bø på Selja, på austsida av øya, vil Emblaskipet ligge utpå og helse med årane. Vi vert 14 kvinner med på arrangementet. Når hurtigbåten legg til kai vandrar vi saman med publikum den 30 min. lange pilegrimsvegen til klosterruinane på Selja, der ei storslått musikalsk framføring. Arrangementet fell og saman med 100 år markeringa for kvinners stemmerett i Noreg, og mange kvinnestemmer vil tone mellom klosterruinane på Selja denne dagen m.a. Bergen Pikekor og andre kvinnelege song-og musikkutøvarar. Sjå programmet: www.heilagesunniva.no

Vandringa frå Bø til klosteret er lett å gå i flatt lende, kan vere noko myrlendt, ha på gode sko, varme kle og regntøy om det trengs. Sanitetskvinnene vil syte for mat og drikke.