Pilegrimsvandringa

Med Embla på pilegrimsvandring frå Kile til vassenden ved Bjørkedalsvatnet

Start ved øvste brua på Kile søndag 7. aug. 2016 kl. 13. Vi går i samla flokk på den gamle postvegen.

Får høyre historia om postbøndene som førde posten fram gjennom vanskeleg terreng i all slag ver.

Ved Nedstevatnet (Kilsvatnet) stopper vi ved grava til kong Pibe av Kile.

Det vart kamp mellom Olav Haraldsson (Olav den Heilage) og kong Pibe. Olav sigra og kong Pibe fall.

Vi ruslar sakte i ei kort stigning. Undervegs passerer vi brudehilla, og får høyre om slitet det var å kome

seg til kyrkje i gamle dagar. Oppe på platået, ser vi den mektige Olavskrossen. Her vert det ei kort forteljar stund.

Så ruslar vi i roleg tempo på mosegrodd kjerreveg ned mot Olavskjelda,  som ligg i vassmålet ved Mevatnet.

Her drikk vi oss til helsebot. Her tek vi og ein kort matpause. Om nokon ønskjer det så kan ein få kjøpe pilegrimsbrev,

som eit synleg bevis på at ein har fullført pilegrimsvandringa. Brevet kostar kr. 50,

og går til inntekt til Stiftinga Embla-kvinneskipet ro for fred.Vi har Gullbrekka i sikte,

kanskje finn vi gullskatten som skal vere gøymt her? Og no er vi ved vassenden på Bjørkedalsvatnet.

Vi ruslar eit stykke langs riksvegen ca. 200 m, og kikar innom Storevognhuset, her får vi høyre om

båtbygginga på Bjørkedalen og i Kilsfjorden i gamle dagar. Like bak vognhuset ligg Bårdneset, og no er vi ved vegs ende.

Turen tek ca. 2 timar i sakte fart. Vi går uansett ver. Det er fin sommartemperatur. Ha gode tette sko eller støvlar, lett regntøy,

det skulle halde. Tak med mat og drikke. Når det gjeld skyss tilbake, så ordnar kvar og ein seg sjølv.

Nokre går eller spring i raskt tempo tilbake same vegen og hentar bilene på Kile, køyrer deretter til vassenden og tek på passasjerar.

Andre ønskjer å gå i sakte tempo attende, Nyte stillheita, gå for seg sjølv, reflektere over historia og tidlegare tiders hendingar på den ferdselsvegen.

Slik vert vegen ikkje berre ein veg.

Vel møtt til alle og ein kvar, det skal bli ei triveleg vandringsferd.

mvh Brit Aanning Aarseth/guide på turen

Legg til en kommentar