Embla og Grunnlovsjubileet 2014

Med Embla til Oslo-Minnesund og Eidsvoll

Vi kom som Eidsvollmennene, roande på Vorma til det det store Grunnlovsjubileet i 2014..Skilnaden frå den gongen var at no var det kvinnene som kom, 200 år etter

Ei stor oppleving å få delta på alle desse arrangementa i løpet av to korte sommarmånader frå 17. juli til 10.aug. 2014.

17. juli var Embla komen på plass i Bjørvika like nedanfor Operaen. Per Sunndal gjorde ein kjempejobb med å transportere skipet frå Bjørkedalen til Oslo. Skipet fekk ei fin plassering på land. Marianne, Hilde, Helga, Kirsten, Tine og Brit skifta på å stå på stand. Folk flokka seg rundt skipet, mange viste interesse for fredsbodskapen skipet brakte med seg.

Båtbyggjar Jakob Helset var og innom standen, han fekk svare på mange spørsmål om båtbyggjartradisjonane på Bjørkedalen. Ekstra stas var det då gudmor til Emblaskipet, Astrid Nøklebye Heiberg og hennar mann Arvik Heiberg tok turen innom Emblastanden.Det var Forbundet Kysten sitt landsstevne knytta til Grunnlovsjubileet som gjorde det muleg denne storstilte mønstringa av over 300 veteranbåtar hovudsakleg  frå Noreg og Norden, også eit skip frå Kroatia låg like ved Embla, her vart Emblakvinnene inviterte ombord, og vi deltok i ein stille fredsprosesjon der vi bar årane over skuldrane som ei samanhengande fredsrekke.

Heile Bjørvika var fylt opp av veteranbåtar på sjø og land saman med utalige handverksbuder av alle slag, det meste knytta til Noregs maritime historie gjennom fleire hundre år. HIndholmen låg og i Bjørkvika og fekk stor merksemd. Emblamannskapet fekk overnatte i ruffen og elles stelle seg som best var ombord. Vi hadde bokstaveleg tala orkester plass like ved Operaen, og nådde lett til alle arrangementa.

Etter at arrangementet i Bjørvika var slutt vart Embla frakta til Mjøssamlingane ved Minnesund. Det var museumsfolk der som tok på seg jobben. Emblaskipet med mannskap skulle nemleg delta på enda eit arrangment litt seinare på sommaren, denne gongen på Eidsvoll,i tidspunktet 8.-10. august. Gudmor Astrid Nøklebye Heiberg, Ragnhild, Sylvi L, Sylvi R, Anne-Lise F., Anne-Lise H.F.,Gunn, Hanna-Sølvi, Liv, Kirsten, Marianne, Olli, Lillian, Margrethe G, Brit, Hilde H. tok turen til Minnesund og Minne Gård. Vi fekk ei varm velkomst av vertinna Mette, og vi vart plassert i gjestehus og stabbur. Ein flottm historisk gard. Vi fekk nytte hus, kjøkken og restaurant  som vi ville.

Embla var komt på plass ved Mjøssamlingane, så neste morgon tok vi årane fatt og rodde på Vorma ned til Eidsvoll sentrum. Ei stor folkemenge tok i mot oss. Gudmor Astrid Nøklebye Heiberg heldt tale om Emblaskipet og fredsbodskapen. Ein bodskap som er viktigare enn nokon gong før. Å bruke Emblaskipet som speakers corner for fred er vår talarstol.

Brua inn til Eidsvoll var for lav for Emblas prektige mast, men vi damene imponerte, la masta elegant ned, og oppatt etter avslutninga på Eidsvoll. Vi som hadde vore med på denne hendingna fekk ei kjensle av korleis Eidsvollmennene kom til det store Grunnlovsmøtet i 1814, mange av dei kom roande på Vorma, slik vi gjorde, skilnaden denne gongen var at no var det kvinnene som kom, og det heile  200 år etter.

Og tusen takk Anne Skauge frå Eidsvoll for stor hjelpsemd, tilrettelegging, gjestfridom, og takk for ditt gode smil, du er ei dame som vi alltid vil hugse.

Legg til en kommentar