Kulturutveksling med Polen

Polske kvinner på besøk 29. juni til 3. juli 2023

I september 2022 fekk stiftinga Embla kvinneskipet ro for fred ein e-post frå ei gruppe kvinner i Polen som ønskte kontakt med oss.Dei fortalde at dei rodde historiske båtar i Gdynia og Gedansk området i Polen. Dei eigde ikkje eigen båt. Og vi i Embla fatta interesse for denne spanande gruppa. Og spanande vart det då dei ankom Ålesund flyplass, Vigra i flotte vikingdrakter. Brit og dotter Margrethe stod klar i mottakshallen. Ein svipptur innom Ålesund før stopp på Vartdal i heimen til Brit. Nabo Margrethe Gjerde varta opp med svele og husbond Aage hadde kokt kaffi. Ei lita kjekke stund, før ankomst Volda. Her fekk dei polske damene omvisning ved Audun Stikbakke ombord i møringsbåten "Skjerven" som låg i Volda hamn. Så kort sightseeing i Volda før smørbrød og kaffi på Volda turisthotell. Og endeleg kom vi til Hjalmarolsen hytta på Nørestranda på Bjørkedalen der Ragnhild og Elsa venta med ei nydeleg hjortegryte.Neste dag fekk dei kome innom båtskottet til Jakob Helset, der Embla vart bygt for snart 30 år sidan. Deretter synfaring på båtsamlingane på Søre Bjørkedal med Ola Einang som omvisar. Så gjekk vegen til det st store Myklebustskipet som står inne på Sagastad på Eid. Her poserte damene med årar og skjold, dei var imponert over at også dette skipet var bygt av båtbyggjararar frå Bjørkedalen.Heimatt til hytta på nørestrand med grilling ved vatnet. Og litt toradarspel og dans vart det på terrassen på Hjalmarolsenhytta. Laurdags morgong gjekk turen til Fosnavåg/Herøy, og endeleg fekk dei polske damene kome ombord i Embla. Diverre kunne vi ikkje dra ut mot havet, då vinden vart for sterk, men vågen gav ly, så det vart nokre runder her. På kaia stod Robert Voldsund og tok mot kvinnene for synfareing på Slippen. Så vart det servering av fiskesuppe som Reidar og Hildur hadde laga av beste kortreist mat. Ein kort fottur med utsyn mot hav og land høyrde med før innstig i heimen til Hildur og Reidar, her stod kveldsmaten klar. Så venta kvelden og natta i rorbua i Leinevika. Og søndagen kom med atter sol, som det hadde vore alle dagane. No var det Herøyspelet "Kongens ring" som venta på øya Herøy. Men først var det friluftsgudsteneste på gamle Herøy kyrkejgard . Deretter benka vi oss rundt borda ved Herøy gard med rrømmegraut, vafler m.m. Og spelet  fenga, Marta Petryk kunne norsk, så ho var dyktig oversettar for dei andre polske kvinnene under heile opphaldet, men det gjekk mest på engelsk oss i mellom.. Etter Herøyspelet gjekk turen til Kvalsvika der Bjarne Kvalsvik opna opp låven sin til festsamkome, og Hildur og Reidar spanderte kjøttsuppe.Bjarne foralde mange historier og skrøner. Og mandag 3. juli vart det heimreise. Og så kom regnet. Flaks for oss alle. Det vart hektiske dagar, men utruleg kjekt. Ser i ettertid at vi hadde for mykje program og for mykje mat, men som vertskap så vil ein så gjerne gjere vårt beste, og då må det i alle fall vere nok mat. Gjestane viste tydeleg takksemd og glede for opphaldet.Og takksmed vert sendt til alle Emblakvinnene som stilte opp. Alle Emblakvinnene ville så gjerne hjelpe til, men ikkje alltid det passa, men ein fin gjeng stilte opp, så tusen takk til dokke, dokke gjorde ein kjempejobb.