Ideen var realisert, skipet vart sjøsett på Bjørkedalsvatnet 29.april 1994. Skipet fekk namnet Embla og vart døypt i ekte bjørkedalsmjød av gudmor Astrid Nøklebye Heiberg på Eid 28. mai 1994.
6.-7. mai 1995 , 50 år sidan fredsdagen 8. mai 1945, arrangerte Stiftinga Embla Fredskonferanse på grendahuset "Fridtun" på Bjørkedalen. Båttur med Embla på Bjørkedalsvatnet var innlagt i konferansen. Mannskapet ombord rekna bak frå;
Brit Aanning Aarseth, kultursjef i Volda og første leiar i stiftinga Embla, deretter Gerd Gjøsund, Barne-og Fam.Dep. sin prosjektleiar på Nordisk Kvinne Forum i Åbo aug. 1994. Gerd var den som gav optimisme til Emblaprosjektet gjennom tildelinga av midlar frå Barne-og Fam.Dep.For sin innsats er Gerd oppnemnt som æresmedlem i stiftinga Embla. Framfor Gerd ,Emblas nasjonale gudmor,  tidl. statsråd, President i Norges Røde Kors , professor m.m.Astrid Nøklebye Heiberg.  Astrid er og oppnemnt som æresmedlem.
Fremst står Grete Berget, statsråd i Barne-og Fam.dep.Emblas internasjonale gudmor.Ho døypte Embla på Aura elv i Åbo, i aug.1994.